onsdag 13. april 2011

Kva skal til for at elevbedrift som metode skal fungere på MK-linja?

Ein ein må ha fokus på at det er skulens pedagogiske mål som skal fram, og at det ikkje er instrumentelle handlingar som blir fokuset (Ødegård,2003) ( f.eks for å få bedrifta til å gå bra økonomisk). Om elevar t.d må jobbe knallhard for at bedrifta skal bra, og stadig gjenta same operasjon f.eks å fysisk produsere eit produkt, så lærer dei lite om entreprenørskap, sjølv om elevane arbeidar godt. Dei skal lære å starte og drive ei bedrift, ikkje korleis det er å monotomt produsere eit produkt på ein "samlebandfabrikk". Metodar og metodikk må altså ikkje setje dei didaktiske måla i skuggen, og metodane må ikkje bli eit mål i seg sjølv.

Eg kan tenke meg at ein lærar som har undervist i elevbedrift tidligare, kanskje lett finn ein mal som virkar, og får fram eit produkt som er tilfredstillande. Og dei påfølgjande åra er det lett å berre kopiere same metoden, berre med eit produkt som er ein brus i staden for ei t-skjorte, mens det er lite fokus på kva dei faktisk lærer som blivande entreprenørar.

Eg trur det spelar lita rolle om entreprenørskap blir lært i visse PTF (Prosjekt til fordjupning)-timar som er gjennomgåande heile året, eller om dette entreprenørskapet er tidsavgrensa, som i for eksempel eit musikalprosjekt, ein festival, ein revy eller liknande. Det å skape ei bedrift som sel ein dings som t.d Baglift*, eller ei bedrift som lagar ein musikal med sponsorar, leige av lokaler, billettsal, merchandise sal og kioskdrift kan lære like mykje om korleis dette gjerast på eit par månader, som nokon som driv med bedrifta nokre timar kvar veke heile året. Det viktige er å vere med på ein prosess frå begynnelse til slutt, og forstå kva som krevast i eit slikt prosjekt. Med andre ord oppnå enentreprenøriell kompetanse.  Elevane må få " en forståelse av at de selv er i stand til å skape mer enn det det som umiddelbart synes mulig ut fra den aktuelle ressurssituasjon." (Ødegård,2003. s 9)
Med dette tenker eg at dei må få trua på seg sjølv som menneske og kapasitet, slik at dei ein gong i framtida kan tenke at: Eg skal starte ei bedrift, eller eg skal få i produksjon denne gode ideen eg har gått å tenkt på.

Inger Karin Røe Ødegård seier i boka Læreprosesser i pedagogisk entrepenørskap (side 22) ( som er pensumboka mi i dette fagområdet, og difor ein mykje nytta referanse): At elevane: må utvikle personlige egenskapar som
 - selvtillit.
- prestasjonsmotivasjon.
- kreativ evne. 
- sosial evne.
- evne til å ta ansvar for seg selv og andre. 
- intuisjon.
- vilje og mot til å ta risiko.

Dette er faktorane som trengs for at elevane ska bli "danna" til gode framtidige bedriftskaparar og verdiskaparar, og det er viktig at vi legg opp undervisninga slik at dei får anledning til å tilegne seg desse evnene. Om læraren tildømes tek for mykje av ei "farsrolle", og gjer mykje av dei vansklege gjeremåla eller avgjerdslene, vil ikkje elevane lære desse evnene i like høg grad. Dei fleste av desse evnene krev at eleven får jobbe mykje sjølvstendig. Læraren vil i så tilfelle bli meir ein observatør som er til stades for å kontrollere at det foregår god læring, og ein rettleiar enn ein som deltek aktivt i bedrifta. 

J.A. Schumpert som av mange har fått æra for entreprenørskapsbegrepet (fra 1943), meinte at innovasjon er ein viktig del av ei entreprenøriell handling. ( ødegård) For å underbygge dette vil eg ut av egen refleksjon seie at: Har du funne eit behov, er halve oppfinnelsen gjort. Då er det berre å finne den beste fysiske løysinga som dekkjer behovet. Å starte ei bedrift basert på idear som allereie fins i markedet vil setje deg i ein vanskeleg konkurransesamanheng i mot nokon som allereie er meir etablerte enn deg sjølv. Det virkar som innovasjon, eller nyvinning som er eit betre ord for det same, er ein nøkkelfaktor i god entreprenørverksemd. 

Elevan bør få finne fram til "produktet" sitt sjølve. Om læraren tek for mykje kontroll over den kreative prosessen, kan dei lett føle at det ikkje er deira produkt lengre, og ein del av poenget, og motivasjonen vil kunne utebli. Det å finne fram til eit produkt er det også viktig erfaring i læringa av den kreative delen av måla. Det er viktig at elevane forstår kva det vil seie å vere kreative, og kva frihet som ligg i dette. Det er ein egenskap som kan trenast opp, særleg om ein har blitt indoktrinert med ei verklegheitsoppfatning av skulen der alle svar har to strek under seg, og er absolutte.


Eg har eit eksempel på eit produkt som er oppfunne av ei elevbedrift på Eid Vidaregåande skule. Ein elev hadde merka at det er smertefullt å bære tunge plastikkposar frå butikken og heim. Eleven meinte det måtte finnast ei løysing slik at posane ikkje skar seg inn i henda og forårsaka smerte. Eg legg ved to lenkjer her som viser dette produktet slik det blei til slutt. http://baglift.com/
http://www.handelsbladetfk.no/id/1425.0&currentDate=1167606000

Ideen er like enkel som den er genial, det er eit behageleg plasthandtak med krokar til å feste på plastposar. Dette gjer at det ikkje lengre er vondt å bære plastposane. I lokalmiljøet høyrer eg dessutan at dei blir brukte mykje til å samle i hop fleire plastposar fulle av panteflasker, slik at flaskene ikkje rullar ut når du kjører dei til butikken. 
Elevane som lagde denne oppfinninga følte eit eigarskap til den slik at dei sto på og jobba hardt for å lukkast. Dei deltok på samlingar for elevbedrifter og fekk mykje heider og ære for nyvinninga. Men det seier seg sjølv at ei slik bedrift i mange tilfeller vil døy ut, eller bli overført til nokon som kan drive den vidare. Eg trur det i dette tilfellet var ein slektning som jobba med plastproduksjon som produserte vara, og mest sannsynleg framleis produserar elevbedrifta si nyvinning. Men for elevane som var med, er eg ganske sikker på at dei har oppnådd mange av dei evnene Ødegård meinar dei treng for å gjere entreprenørielle handlingar i framtida. 

Heilheitleg versus Amputert
Det også viktig at elevane får oppdage problema sjølve, og ikkje berre få servert problema "ferdige på eit fat". For elevar som kan oppdage problemet, arbeide seriøst med det og knytte det til eigne erfaringar vil det bli ein heilheitleg læreprosess, i motsetning til ein amputert læreprosess der dei får ei oppgåve, og berre løyser den for å kunne gå opp til eksamen, og lærer problemet kun i teori. (Bjørgen) (som omtala i Ødegård.2003.s 38)

Ein annan infallsvinkel kan vere å lage ei bedrift som dekkjer andre kompetansemål for MK-linja. Elevane har krav om å lære seg å lage både lage trykksaker, web-sider, produsere video og foto ,eller som det er formulert i læreplanen:  
" planlegge, produsere og presentere tekst, lyd, stillbilder, levende bilder og kombinasjoner av disse i aktuelle formater og standarder til trykte og elektroniske medier " 
kilde: www.udir.no

Når eg var i praksis ved Firda VGS, såg eg ei elevbedrift som tilbydde "reklamebyrå funksjonar" til nærmiljøet. Akkurat då eg var der var oppgåva å lage reklamefilm for ein lokal bilforhandlar, som skulle visast på kino i lag med anna reklame. Dei arbeidde med ei internettside som skulle formidle dei tjenestane dei tilbydde, så eg legg ut ein link til denne som eit eksempel på ei eilevbedrift som smeltar saman målet om å lære entreprenørielle handlingar, med eit produkt som også går direkte på andre læremål og "slår då to fluger i ein smekk".


http://www.utspringub.net/tjeneste.html

For å lukkast med dette er det viktig at opplæringa har "handlingsrelevans til livet utenfor skolen" (Ødegård,2003, s.22). Så kunnskapen er direkte øverførbar til det verkelege livet og kan nyttast der, men også for motivasjonens skuld. Det ligg mykje motivasjon i å lære noko du trur eller veit du vil få bruk for.
Det er også viktig at elevane får den kunnskapen dei etterspør, og ikkje berre påtvungen kunnskap som passar betre til førre generasjon. ( Ødegård,2003, s.28)
Samarbeid med lokalsamfunnet er viktig i dette henseende, lokale bedrifter kan vere perfekte "prøvekaniner" som kundar for ei elevbedrift, og det er ein vinn/vinn situasjon når elevane får ein ekte kunde og eit ekte prosjekt, og kunden får f.eks reklame til ein brøkdel av prisen eit reklamebyrå ville tatt. 
Dette får eleven ut av sitt vanlige miljø, og ut i iden store verden. Eller som psykologen Bronfenbrenner ville kalla det, frå mikro og ekso-nivået til makrosystemet. Eit viktig steg i utviklinga av eleven og individet. (f.eks Nordahl,Sørlie m.fl. 2005.s 56) her en link til en enkel illustrasjon: ecological_model.JPG 
Det kan omså finnast mykje gode rollemodellar ute i verklegheita utanfor skulen og klasseromma, når elevane må ta kontakt med leverandørar, media, organisasjonar, kommunen etc, etc. og lærer samhandling i direkte kontakt med desse.

For å få en Helhetlig læreprosess er det i følge Bjørgen

Menneske som tek ideear (eigne eller ideear dei før av andre) og set dei ut i livet, blir gjerne populært kalla gründerar. Eg trur at heile poenget med å ha entreprenørskap i yrkesfaga er å dyrke fram slike personar, som kan tilføre landet verdiar i framtida ved produksjon av nyvinningar. Vi har ei historie for den typen tankegang og produksjon i norge, t.d ved nyvinnande produksjon av kunstgjødsel (Norsk Hydro), og Statoil sine innovative måtar å utvinne olje på norsk sokkel. To eksempel som har ført til enorme eksportinntekter til landet. I framtida kan slike innovative idear også vere mindre "fysiske", då t.d software, eller tenestar på internett som berre er "programmerte elektroniske kodar" kan bli milliardbutikk, eksempelvis facebook, google, MSN hotmail etc. Målet for opplæringa i entreprenørskap må vere å gje elevane den kunnskapen om prosessane som trengs for å kunne gå ut i verda å starte sitt "Hydro", "Moods of Norway" eller anna sjølvutvikla bedriftskonsept og skape verdiar. Skulen må 'forberede elevane for framtida' , og då må vi også skape innovatørar som held hjula i samfunnet i gang i denne framtidsvisjonen. 

Her er en link om patenten som starta Hydro som bedrift: 
http://www.hydro.com/no/Pressesenter/Nyheter/Historisk-nyhetsarkiv/2003/Februar/For-100-ar-siden-Da-kjemien-stemte-og-kanonskuddet-smalt/

Eg trur også det er viktig å tenke på at ikkje alle elevane i ei MK-klasse skal bli entreprenørar, men at alle i klassa skal vite kva entreprenørielle handlingar dreiar seg om, og ha vore i kontakt med dette fagområdet nok til å gjere seg opp ei meining og dette er ein veg dei vil gå vidare eller ikkje. Då kan elevane søke seg vidare på film, journalist eller design -skular, og dei som likar å styre prosjekta vil nok finne utdanningar innan marknadsføring og økonomi meir interessante.

3 kommentarer:

  1. Interessant. Flott hvordan du underbygger med eksempler her Rune.

    SvarSlett
  2. Du skriver først at elevbedriftmetoden må fylgje pedagogiske mål, men så sier du at "Dei skal lære å starte og drive ei bedrift,...". Dette stemmer vel ikkje over eins? Derimot så vert vel konkurransen om den beste elevbedrifta brukt som motivasjon for å få elevane til å jobbe med bedrifta? Du listar jo sjølv opp ein del mål for denne metoden, og sjølv om prestasjonsmotivasjon står der er vel ikkje den spesifikke gangen i ei bedriftsoppstarting eit læremål.

    Bortsett frå dette, synest eg det var ei godt skreven oppgåve med mykje relevant teori og eksempel. Du skriv at målet er gründer-virksomheit og eg trur du har heilt rett. Det er vel eit mål at elevar som går ut av skulen i dag skal vere i stand til å ta (og utvikle) jobbar som ikkje eksisterar i dag.

    Terningkast 5 ;)

    SvarSlett
  3. Dette er ett veldig godt innlegg der du tar opp viktige elementer ved elevbedrifter og har fine eksempler som du bygger dette opp med.

    Spesielt på slutten hvor du tar opp at dette er viktig for alle selv om kun ett fåtall faktisk vil gå ut med eget selskap, det er en viktig kunnskap å sitte igjen med. Bra og informativt innlegg :)

    SvarSlett