onsdag 24. november 2010

Eg ein medielærar ?


Eg fekk i oppgave å skrive om to ting eg ser på som ei utfordring og to ting eg gler meg til før praksisperioden på Medium og Kommunikasjon, relatert til rolla som MK-lærar. 

Før eg skulle ut i 5 veker lærarpraksis i den vidaregåande skulen hadde vi Tors 30.09 eit besøk ved Medium og kommunikasjon-linja ved den lokale Vidaregåande skulen.

Eg såg fyrst og fremst at studiet, og måten elevane jobba på var ganske lik min eigen bakgrunn. Mykje arbeid før "deadline", folk som går inn og ut, til og frå kopimaskiner, printarar, utstyrslager, frå gruppe til gruppe for å få ferdig ei brosjyre, plakat eller anna prosjekt. 

Forskjellen er at elevane her er 17 til 19 år gamle, og ikkje 20 til 30 år gamle slik som der eg tok mi utdanning etter fullført vidaregåande, millitærtjeneste, arbeids år og backpacking… Det fyrste spørsmålet som meldte seg var; kor vaksne er desse elevane? 

Med ei veke i observasjonspraksis i ungdomsskulen friskt i minnet veit eg at klassetrinna åttande til tiande kan vere alt i frå umodne barn til tilnærma vaksne personar. Kva ville vente meg når eg kom ut i praksis? Ville eg måtte drive mykje "danning"? Ville eg måtte bruke til å krefter på å halde klassa i sjakk, og lære elevane vanleg "folkeskikk", eller vil eg kunne bruke tida på å lære vekk relevant fagstoff? 

Som fersk lærar i min fyrste praksis skal eg inrømme at eg ikkje har jobba eller hatt mykje kontakt med barn eller ungdom sidan eg sjølv var i den gruppa. Etter kvart som eg sjølv vart student har eg hatt mitt sosiale nettverk blant jamnaldringar i ein variasjon med for det meste min eigen alder pluss - minus 5 år.

Utfordring nummer ein er altså om eg er "på nett" med elevane, om dei er så vaksne som eg forventar, og er det ei "generasjonskløft" i mellom oss?


Konklusjon:


Etter at praksisen er gjennomført kan eg konkludere med at frykten for å måtte vere "barnepassar" var ubegrunna. Elevane eg hadde i 1. og 2. klasse ved Medium og kommunikasjon var ganske vaksne av seg. Dei har også ei stor evne til å ta ansvar for prosjekt, der dei bla. hadde arrangert ein filmfestival. All  organisering av PR og kommunikasjon, timeplanar, bilettsal, sal av mat og baking av kaker vart gjort av elevane. Lærarane hadde her meir ei veiledar og rådgjevar -rolle, og som kvalitetskontrollør før ting skulle gå til trykkeri. Prosjektet gjekk også på tvers av klassetrinna, så 3 klasse var AD'ar for designarane i 2 klasse.

Sjølvsagt såg eg tendensar til uro og tid brukt på anna enn det dei skulle, men det ser ein også på medialinjer på høgskular der elevane er mykje eldre. Men det generelle intrykket var at elevane var vaksne, og danning ,oppseding og læring av "folkeskikk" var eit tilbakelagt stadium. 



I forhold til å vere på nett med elevane følte eg at vi var "samme generasjon" sjølv om eg bortimot dobbelt så gamal som dei som byrjar i fyrste klassetrinnet. Kanskje det er fordi eg har ein "ungdommelig" humor, eller kanskje eg berre ikkje fekk med meg kva dei egentlig syns. Men frå min ståstad verka det som vi prata same språk. 

Utfordring nummer to er om eg har nok kompetanse til å vere ein god lærar i Medium og Kommunikasjon. Ved besøket i klasserommet denne torsdagen kjem det opp eit par spørsmål frå elevane. Kor finn eg "den og den" funksjonen i programmet Indesign? Det er lenge sidan sist eg brukte dette programmet, eg klarte å komme på kva funksjon eleven skulle leite etter, men etter at det har kome ny versjon av programmet klarte eg ikkje å finne kor på skjermen den skulle finnast.
Ville dette være illustrerande for korleis heile praksisen ville bli? Kunne det hende at eg berre ville gå i vegen, og kome med diffuse svar bygd på faglig usikkerhet?

Utfordring nummer to er altså, har eg den kompetansen som skal til for å vere MK lærar?

På den andre utfordringa, var det den fagdidaktiske kompetansen eg hadde usikkerhet om. Etter 5 veker praksis kan eg konkludere med at eg veit nok om faget mitt til å undervise på ei MK linje. For det fyrste er det lærarar med ulik kompetanse som dekker ulike fagområder, så ein må ikkje kunne alle typar media til fingerspissane. På linja eg var hadde vi ein med journalist og fotograf bakgrunn, to med TV og videoproduksjon bakgrunn, og ein lærar med Interiør design og realfag. At eg kom inn med grafisk design bakgrunn var sånn sett velkoment, og sett på som ein fordel. Dei la opp til at eg kunne undervise dei delane av pensum som eg hadde mest kompetanse på mens eg var i praksis. At eg som har praktisert grafisk design i min forrige jobb i reklamebyrå har mykje å tilføre var det ingen tvil om. Eg veit ein del om kva fallgruver som ein kan gå i , og kva som er grunnleggane å gjere rett ut i frå framstilling av utallige trykksaker, og med dette i bagasjen kunne eg å vere ein ressurs for elevane.

Eg skal nemne to ting eg gledde meg til før praksis:

1:

Det eine eg gledde meg til var å få prøve meg som lærar . Eg har null lærarerfaring, og tanken om å bli lærar er relativt ny. ( sjølv om eg ofte tenkte at lærarane mine måtte ha ein fin jobb då eg sjølv var student.). Det var ved start på PPU at eg blei hven ut i eit kort løp, med yrkesretta lærarutdanning. Det er med skrekkblanda fryd ein går inn i eit slikt studie. Eg vil vel sei at eg gledde meg mest til å ha denne grunnleggande erfaringa unnagjort, slik at eg kunne føle at eg msetrar dette, at det store spørsmålet er avgjort… er eg dugane til å bli lærar? Om eg ikkje er det vil det vise seg desse vekene. 

I ettertid vil eg seie at eg fekk den følelsen eg var ute etter… dette er ei rolle eg har talent for å fylle, men det er sjølvsagt ein lang veg fram frå dei fyrste stotrande timane , til ein kan sjå på seg sjølv som ein dyktig pedagong med kontroll på alt… eg er audmjuk i forhold til dette.

2:
Det andre eg gledde meg til var å sjå livet på ei MK-linje på nært hold. Eg har gått liknande utdanningar sjølv, men visste likevel ikkje i detalj kva elevane på eit vidaregåande skule nivå ville ha som pensum, og kor store prosjekt dei ville ha, og kor mykje av min fagdisiplin ( grafisk design ) dei ville ha, og kor djupt dei ville gå i faga?

I ettertid vil eg seie at eg har fått eit godt innblikk i kva MK-linja i den vidaregåande skulen består av. Eg veit no til ei viss grad kor mykje video, web-design, journalistikk, grafisk design dei skal lære, og og følelsen av "frammandgjering" i mellom mi eiga utdanning og jobben eg utdannar meg til å arbeide med kanskje i mange år framover.