onsdag 2. februar 2011

Undervisningsopplegg med MAKIS

"MAKIS"-Undervisningsprinsippa står for:

M - Motivering
A - Aktivisering
K - konkretisering
I - Individualisering
S - Samarbeid

( som henta frå pensumboka "Undervisningsplanlegging for yrkeslærere". ( Hiim & Hippe 2009).

Eg vil herunder skisere eit tenkt undervisningsopplegg for ei MK-klasse der det vert lagt vekt på MAKIS.

Eg vil ta føre meg eit opplegg som omhandlar dette kompetansemålet:
Formidle eit budskap ved bruk av balanse, bevegelse, kontrast, rytme og framheving:

I forhold til pensum synast eg at dette kan lærast i gjennom eit prosjekt som omhandlar "Layout" og "Grid system". Altså  bruk av spaltar, bilete, store og små artiklar og saker i avis; som eksempel på korleis ein kan bryte opp tekst og bilete på ein måte som er spanande og ikkje følast repeterande.

For å lære dette og gjere det i praksis ville det vere lurt å ha eit prosjekt med avis/ magasin der ein kunne gjere dette i praksis. 

M-Motivering
For å motivere ville eg vise eksempel på gode og dårlege, fine og stygge, kjedelege og spanande oppslag for å vise nytteverdien av det vi skal i gjennom. Om ein skal jobbe på web, avis eller magasin vil dette kunne motivere fordi dei veit dei vil trenge denne kunnskapen i yrkeslivet. Å vise for eksempel gode eksempel som Dagbladets flotte helgebilag kan og vere god inspirasjon, særleg samanlikna med trauste lokalaviser. 

I heile prosjektet er det viktig å bruke undervegsvurdering for å fortelje elevane kva som er bra/positivt med det dei gjer.

A-Aktivisering 
For å aktivisere elevane vil eg i dette opplegget først ha i heimelekse å lese dei sidene i læreboka side 254 til 286 i Pensumboka Mediedesign 3.5 (Stein Holmboe Erichsen 2009). Desse sidene omhandlar bruk av layout for å Formidle eit budskap ved bruk av balanse, bevegelse, kontrast, rytme og framheving.

Så ville eg holde eit innleiing (power point ) med eksempel på kva ein grid er for noko.
så dele ut Aviser som eksempel.

K-Konkretisering
Med linjal og tusj kan elevane prøve å analysere (finne og teikne opp) grunn gridsystemet som er brukt. (så dei ser det ligg eit "usynleg" rutenett som grunndesign på alle sidene.

Når dette er gjort kan klassa i fellesskap bruke tavla og med tusj/krit, linjal, teikne opp ein felles grid. Dei må bli einige om format, antal spaltar, spalteavstand, margar, og enkle val som skrifttype, og punktstorleik på brødtekst, ingress, overskrift etc.

I-individualisering
Neste steg er at kvar enkelt elev får prøve seg på kvar si maskin å lage den grid'en som er teikna på tavla i programet InDesign. 

Lærar delar ut ein ferdigtekst og 3-5 bilete til kvar elev, som no må bruke gridsystemet til å lage ein layout på to sider i tråd med griden klassa laga i fellesskap.

Her går lærar rundt å rettleiar mens han ser på skjermen kva enkelt elevane gjer, og kjem med individuell hjelp med råd og tips.

S-Samarbeid
Vi har allereie hatt samarbeid i form av at klassa skal utarbeide ein felles grid. 
Vidare kan elevane også gå ei runde å sjå på kva dei andre gjer, og komme med råd og ros, eller hente inspirasjon og hjelp  frå dei andre. Dei kan tenke seg at alle oppslaga skal høyre til i same avis/magasin, og derfor prøve å halde ein heilskapleg stil. 

Til slutt har elevane laga ei avis i lag, og læraren printar den ut, så alle kan bla i den og sjå på det ferdige teamarbeidet, og føle meistring.

Ein øvelse som viser elevane korleis samarbeidet fungerar ute i avisene/ magasina, der fleire mac operatørar og designarar samarbeidar og fordelar utforminga av sider og layouten i  det ferdige produktet.

Rammefaktorar:
I forhold til å forberede dette opplegget må læraren ha klar bilete og tekst til kvar elev. Det vil følast meir som eit verkeleg oppdrag om alle elevane har ekte tekst og passande bilete. Og avisa vil følast som ei ekte avis når dei printar den ut og studerar den.
I tillegg treng ein eksempelaviser til elevane og så eit datarom, helst med videokanon.