onsdag 29. september 2010

Mediebruk i ungdomsskulen.

I veke 37 var eg i praksis i ungdomsskulen, meir nøyaktig var det observasjonspraksis. Det vil seie at vi ikkje skulle delta i undervisninga men kun sitte stille og observere samspelet mellom lærarar og elevar i klasserommet. Som "ei fluge på veggen" skulle vi prøve å ikkje påvirke situasjonen, og bare notere alle ting som var interessant ut i frå eit pedagogisk og didaktisk synspunkt. Som student med media bakgrunn og fagdidaktikk for mediefag skulle eg prøve å legge ekstra merke til bruken av ulike medier i ungdomsskulen.

Forventningar:
Eg havna på ungdomsskulen der eg sjølv var student mellom 1992 og 1994. Og eg hadde sjølvsagt ein del tankar om korleis dette kom til å være. Då eg var i skulen var det ikkje vanleg å ha mobiltelefonar eller bærbare datamaskiner i det heile. Eg hadde ei forestilling om at alle elevar ville sitte der med kvar sin pc på pulten, og at dei ville snike seg til å bruke denne til underhaldning, sosiale medier og "chatting". Eg forventa også at det ville vere mykje telefonar på pultane, og lyd av innkomande sms-meldingar.

Det er sjølvsagt ikkje sikkert at det vil være noko særleg bruk av ulike medium i eit klasserom i løpet av ei veke. Dette kjem heilt an på kva desse elevane har på timeplanen denne veka. Eg ser det derfor nødvendig å gje ein definisjon av kva vi vil meine med ordet "media"

Definisjon:
Eg vil bruke den breie forståinga som er definert av Store norske leksikon ("massemedier" s.a.),  og inneheld, Aviser, Tidsskrift, Ukeblad,Tegneserieblad, Bøker
CD, kassetter, MP3,Video, Radio,Fjernsyn,PC, Internett men også vil eg legge til nokre punkt fra definisjonen på wikipedia (”medier” s.a ): ' i videre betydning alle kanaler for kommunikasjon innenfor et samfunn og mellom samfunn, også de som ikke når ut til mange personer på én gang. I tillegg til de tradisjonelle massemediene kan derfor samlebetegnelsen media omfatte alt fra telefoni, post, nye medier og formidlingsteknologier som audiovisuelle medier og mediespillere'.

Det var altså som eg no har avklart veldig mykje som kunne observerast denne veka, når bruk av media heretter refererar til alt nemnt i definisjonen.

(Eg vil også sjå litt på kva læringsmåte mediebruken er lagt opp til i forhold til teoriane i boka til Prinds, E. Rum til læring (Kap. 1-3), (Prinds ,1999). Her begrepa undervisningsrom, treningsrom og studierom er brukt for ulike læringssituasjonar.)

Mediebruk observert i praksisveka i ungdomsskulen.
Eg vil no gå i gjennom den bruken av media som eg observerte, og noterte ned i den løpande loggen min i frå heile veka i observasjonspraksis.

I alle dei fleste timar vart det brukt bøker, eg vil velge å fokusere på annan mediebruk som er annleis en det mest sjølvsagte og tradisjonelle.

Fokus på nyhende.
Veka starta med første undervisningstime då elevane får ei oppgave kalla vekenytt. Oppgava er utabeida sentralt, og har spørsmål om nyhetsbildet den siste veka. Spørsmåla går på politikk, sport, underhaldning og økonomi –nyhende frå både innenriks og utanriks nyhende.
Dei er satt opp i eit quiz-aktig spørreskjema med tre alternativ (multiple choice), der ein jobbar individuelt ei periode og så byttar spørreskjema med sidemannen, før ein går i gjennom arket i plenum, og diskuterar seg fram til dei rette svara.
Denne faste måten å starte veka på oppfordrar elevane til å følge med i aviser, (lokale og nasjonale), nyhende på tv, radio og på nettaviser.

Ein kan seie at elevane ved denne metoden jobbar fyrst i ”treningsrommet” (individuelt), så i ”studierommet” som ein gruppediskusjon og til sist i ”undervisningsrommet” når læraren kjem med fasit og utfyllande informasjon. Den kombinerar altså alle tre undervisningssituasjonane til Prinds.

PowerPoint og Viten.no presentasjon.
Klassa hadde så forsøk i Naturfag om fotosyntese og oppbygginga av blad og plantecella. Her var det brukt videokanon for å vise plansjar, illustrasjonar og tekst frå nettstaden viten.no og ein eigenprodusert powerpoint om same tema. Dei egenproduserte presentasjonane kan utvekslast via intranettet til skulane i heile regionen, der dei blir lagt ut og tilgjengelige for kvarandre, så ein sparar kvarandre for arbeid, forklarte læraren meg. Læraren oppfordra elevane til å bruke viten.no som ein ressurs og kunne fortelje at det var kvalitetssikra og gode presentasjonar elevane fekk linkar til via denne nettstaden.

Her var ”fokus: Gjennomgang av nytt stoff og dialog omkring dette.” (Prinds, 1999) og var i tråd med læringssituasjonen i ”undervisningsrommet”. Men også seinare i ”treningsrommet” når dei var oppfordra til repetison på eigahand.

Vi var i ein litt spesiell situasjon denne praksisveka. Klassetrinnet ( 8. trinn) skulle ha bli kjent kveld for alle elevane og lærarane. Underhaldning til denne festen på torsdags kveld sto i høgsetet. Det som vart resultatet var at mykje av observasjonen blei av elevar som øvde inn sang og dans til framføringa. Timeplanar vart omrokkerte så musikkfaget fekk mykje timar på bekostning av andre fag desse dagane.

Youtube.com
Mediabruken for å lære to korsangnummeret med koreograferte dansebevegelsar til var svært interessant. Slik som mange i privatlivet brukar Youtube.com som ein ressurs til å lære sangar med tekst, slik brukte også læraren denne nettstaden vist på videokanon, og med lyden over høgtalaranlegget som vi i andre situasjonar såg brukt til t.d. naturfag.

I fleire undervisningstimar gjekk artisten ”Shakira” sin sang, avspelt frå youtube.com, først i originalversjon, og seinare i ”karaokeversjon” når dei sjølv var gode nok til å stå for sangteksten. Dei brukte også videobilda til å sjå og etterlikne dansestega. Verktøyet internett vart brukt på enklaste og mest tilgjengelige måte, innanfor timar som ville gå på kvoten til faget musikk.

CD, prosjektør og mediespelar.
Klassa hadde også ein annan sang som skulle framførast saman med to andre klasser på same trinn. No vart eit større auditorium brukt for å få plass til koret på over 80 personar. Her var trulig ikkje internett og videokanon tilgjengelig. Løysinga blei å vise sangteksten av artisten ”Bon Jovi” på overhead-prosjektør, og musikken vart avspelt frå CD med ein bærbar mediespelar/”Boomblaster”.

Musikkprosjektet var elevstyrt i forhold til valg av sangar, valg av koreografi etc. Ein kan dermed seie at i forhold til Prinds begrep ville læringssituasjonen vere i ”studierommet”, med arbeid i grupper med problemstillingar,.Case eller prosjektform på oppgåva, innhenting av informasjon eksternt og med ein veiledende lærar og aktive, styrande og samarbeidande elevar. ( kva ”copy right” rettigheter og bruksretts problemer som kan finnast i denne bruken av Youtube.com skal eg ikkje gå inn på, men nemner at det kan vere eit vanskelig juridisk område.).

DVD - film
Neste bruk av media eg skal nemne er DVD, film. Klassa skulle ha undervisning om lokalhistorie, og filmen ”Det brente Skipet” skulle visast som ein del av undervisninga om jernalder og vikingtid. Filmen vart vist på videokanon spelt av frå klasserommets PC. Læraren fortalte meg etter filmen at dei hadde innhenta tillatelse frå utgivar til å vise denne filmen i skule og undervisningssamanheng.

Eg vil plassere denne undervisningssituasjonen i ”undervisningsrommet” i Prids(1999) begrep bruk. Der lærarens stemme er bytta ut med ei forteljarstemme på film. Etter filmen vart det repetisjon og spørsmål frå det nye stoffet dei nettopp hadde gått i gjennom.

`pedagoger allerede på 1930-tallet så for seg bruk av filmmediet blant annet i historieundervisningen. Ved å bringe et slikt audiovisuelt medium inn i historiefaget vil lærere kunne gi elevene andre inntrykk og opplevelser enn det læreboken ville kunne gi.’ Erstad (2005) sier dette når han omtalar temaet å lære med medier. Eksempelet brukt av han i boka er så likt det eg opplevde i praksis at det nesten er vanskelig å tru. Det er altså ingen tvil om at elevane lærte ein del ”med medier” denne veka. ( Både i musikk, naturfag og historie ).

Eg vil ikkje seie at praksisperioda inneheldt læring gjennom medier ( f.eks fjernundervisning ) eller læring om media ( om mediafaget som fagområde).

Kva med forventningane mine?
Kva med frykta mi for at elevane satt på kvar sin PC med sosiale-medier og spel som forstyrra dei frå undervisninga? Og mobiltelefonar som pip midt i arbeidsroa?

Det er dette dei har utarbeida lokale ordensreglar for. På denne skulen er PC forbudt i timane om det ikkje er bruk for det. Dei har eit eige datarom som blir brukt i dei timane det er bruk for PC. Eg såg ingen laptop maskiner i klasserommet i løpet av mi praksisperiode.

Mobiltelefon er lov å ha på lydløs i lomma eller sekken. Men bruk av den i undervisningstida er ulovlig utan spesiell skriftleg tillatelse om ein ventar spesielt viktig telefon. Brudd på ordensreglane kan føre til at mobiltelefonen vart inndregen og måtte hentast på lærarrommet etter endt skuledag.

Eg såg elevar som spelte videospel på telefonane sine i friminutta, bruk av telefon var fritt fram i mellom undervisningstimar.

Dette seier meg at media har truleg representert eit problem ei periode når ny teknologi stadig var vanligare, og skulen har svart med å utvikle ei stramlinje med ordensreglar som regulerar bruken så undervisninga ikkje skal bli skadelidande.


------------------------------------------------------------------------------------------------------- 
Litteratur /Referanser:
Erstad. O (2005) Digital kompetanse i skolen – en innføring (2 utg.) Universitetsforlaget, , Oslo ( side 69-92) (sitat er henta frå side 78)
Media. (s.a), I: Wikipedia.henta 29 sept 2010 frå http://no.wikipedia.org/wiki/media
Prinds, E. (1999) Rum til læring (Kap. 1-3), Center for Teknologistøttet Uddannelse:
København
Syvertsen, T. Massemedier. I: Store norske leksikon. Henta 29. sept 2010 frå http://www.snl.no.