mandag 3. januar 2011

Runes kreativitets taksonomi

Eg har laga eit forslag til ein taksonomi ( klassifisering ) av ulike nivå av kreativitet.
Den er meint til hjelp ved karaktergjeving/ vurdering av elevarbeid som er av kreativ art 
og dermed ikkje har nokon fasit. ( T.d. vurdering av fotografi, illustrasjon, reklametekst, grafisk utforming etc.) 
Ein bør her skilje i mellom å gi karakter for det kreative arbeidet, eller om 
ein skal gi karakter basert på teknisk utførelse av den kreative jobben. For karakter på
teknisk utførelse kan ein heller bruke t.d. Blooms kunnskapstaksonomi.

sjå: http://no.wikipedia.org/wiki/Blooms_taksonomi

( Håpar det er mulig å lese på søylene, trass i at skrifta blei litt lita.)

3 kommentarer:

  1. Ser at vi har løyst oppgåva med same metode: Lage ein taksonomi. Eg valde å gje ei kjapp innføring i taksonomi også, men det går kanskje an å anta at lesaren av ein pedagogisk fagblogg veit slikt.
    Du er i ditt ess når du får lage slike diagram på dataen din, det er ikkje tvil om ;)
    Men eg er ikkje einig i at den tekniske utføringa av den kreative prosessen bør inngå i ein slik taksonomi, den biten tilhøyrer nok ferdigheitsmåla eller noko liknande. T.d. så har du på nivå 4 «bruke verktøy på nye måtar» og dette kjem også inn under nivå 6 i ferdigheitstaksonomien: Improvisere.
    Kreativitet er også abstrakt, og kan like så godt vere ein ide som eit fysisk produkt.

    SvarSlett
  2. Eg trur kanskje det var litt utydelig kva eg meinte med å " bruke verktøy på nye måtar".

    Om du puttar en apekatt inn i eit rom med ei bananklase i taket, ein kost i hjørnet av rommet og ein stol under bananklasa, så vil denne apekatten mest sannsynleg klare å bruke kosten og stolen i kombinasjon som verktøy for å rekke opp til og slå ned bananane.

    Det var slik eg tenker på å bruke verktøy på nye måtar. Altså ligg det ein slags kreativitet i å steike bacon på eit styrkejern, eller bruke ein opp-ned paraply til å hente vatn.

    I MK-faget kan slik kreativitet vere alt mulig, men her er eit par eksempel.
    - Ein elev lyser med ein laserpenn i gjennom ei "frosta" Absolut flaske. Lysbrytinga i flaska gjev ei lysspreiing som eleven brukar til å ta bilete i eit mørkt rom som ser ut som bilete av nordlys.

    - Elevar lagar plakatar med spraymaling og sjablong, ein elev byttar malinga med spraylim, og tømmer sand på limen, slik at motivet blir ståande i sand i staden for maling.

    - Elevar som brukar sykkel, radiostyrt bil, skatboard, radiostyrt båt, rulleskøyte, ein drage eller naboens hund som kamerastativ for å oppnå nye perspektiv og effektar på videofilming.

    -Elevar tar 1000 kopiar av ansiktsuttrykk på kopimaskina og animerar det til ein film.

    det var ikkje meint som noko som skulle gå direkte på ferdigheiter ved å bruke teknisk materiell... det kan tvert i mot vere å bruke materiell på ein heilt feil måte, og prøve seg fram til kva som gjev resultat.

    ;)

    SvarSlett
  3. Jeg synes du forklarer det veldig bra og har gjort det på en veldig oversiktelig måte!

    SvarSlett